Oppskrift frå Skrattegard
Smak er ei personlig sak, og her på garden lager vi rakafisken på tradisjonelt, minimalistisk vis.
Dette treng du
- Rakafisk
- Mandelpotet
- Meierismør
- Flatbrød eller lefse
Framgangsmåte: Ta skinnet av rakafisken og del den i høvelege stykke. Kok mandelpotetene.
Tips til koking av mandelpotet
- Skrell potetene og legg dei i kaldt vatn. Det kan du gjera dagen før eller tidleg på formiddagen, så er det unnagjort.
- Sett potetene i ein kjele med vatn i kjøleskapet dersom det er lenge til du skal koke dei.
- Ein time før middagen skal serverast, sett potetene på kok.
- Kok dei opp og la dei fosskoke (ikkje berre trekke). Mandelpoteter som veg under 100 gram, kokast i 7 minutt, store mandelpoteter som veg over 100 gram, kokast i 9 minutt.
- Hell av vatnet og fyll opp kjelen med tørkepapir.
- Sett på lokk og la potetene godgjere seg i kjelen i 45 minutt eller fram til servering. La dei stå på kjøkkenbenken, ikkje på varm kokeplate.
Bestilling av Rakafisk
Fra fjellfisk til rakafisk
I forbindelse med nye nettsider for fjellfisk.no, har vi tatt i bruk domenet rakafisk.no. Vi kan love deg at råvara, produsent og produkt er av same gode kvalitet som før.
På desse nye nettsidene finn du spanande oppskrifter på rakafisk, og sjølvsagt oppskrifter på tradisjonsoppskriftene, nedarva i generasjonar.
Vi håper du liker dei nye nettsidene våre
Mvh Kirsti Skrattegard.