Rakafisklaget sin favoritt
Inviter til eit kongemåltid med rakafisk av ypparste kvalitet. Bestill no, og få fisken levert til sesongens store høgdepunkt i perioden oktober – desember!
Den som veks opp på ein gard, og med åra overtek, vil ønskje å forvalte han litt betre enn førre generasjon – det er ein viktig del av oppsedinga og eit ansvar som sit i ryggmargen.
Få har lukkast betre enn Ola Skrattegard, pioneren som i 1930 la grunnlaget for moderne rakfiskproduksjon. Ved hjelp av målingar av, og kunnskap om, det friske fjellvatnet sitt næringskapasitet, sette han ut rett mengd yngel og fekk kontroll over aurens helse og vekst. Og auka produksjonskapasitet. No kunne han hauste råvarer med lik vekt og jamt høg kvalitet, noko som gjorde foredling med lagring i tønner og fermentering under stabile temperaturar enklare.
Auka produksjon og fisken si skyhøge kvalitet førte til sal, også langt utanfor kommunegrensa; Ola Skrattegard var i ei periode NRK sin rakfiskekspert og også fast leverandør til Slottet.
Kvar einaste fisk skal ha perfekt konsistens, delikat farge og den deilige runde smaken som vi er kjent for. For å vere sikre held vi produksjonsvolumet på eit nivå som gjer at vi aldri går på akkord med kvaliteten.
Les heile vår historie og bærekraftige produksjon av Rakafisk her.
I forbindelse med nye nettsider for fjellfisk.no, har vi tatt i bruk domenet rakafisk.no. Vi kan love deg at råvara, produsent og produkt er av same gode kvalitet som før.
På desse nye nettsidene finn du spanande oppskrifter på rakafisk, og sjølvsagt oppskrifter på tradisjonsoppskriftene, nedarva i generasjonar.
Vi håper du liker dei nye nettsidene våre
Mvh Kirsti Skrattegard.