Geitehald og -produkt
I sommarsesongen beitar garden sine geiter, om lag 150 i talet, i fjellet på Vallo ved Buvatnet på rundt 1100 meter over havet.
Slik utnyttar og beskattar Kirsti Skrattegard garden sine naturlege ressursar i eit evig kretsløp, akkurat som generasjonane før henne.
Etter slakting blir kjøtet skore ned til steik, kotelettar, burgerkjøt, pølser og fleire andre smakfulle produkt.
Meld frå ved bestilling om du ønsker å få kjøtprodukt levert saman med rakafisken – vi tar kontakt for å avtale nærare med tanke på kva produkt, mengd i kilo, prisar og levering.
Fra fjellfisk til rakafisk
I forbindelse med nye nettsider for fjellfisk.no, har vi tatt i bruk domenet rakafisk.no. Vi kan love deg at råvara, produsent og produkt er av same gode kvalitet som før.
På desse nye nettsidene finn du spanande oppskrifter på rakafisk, og sjølvsagt oppskrifter på tradisjonsoppskriftene, nedarva i generasjonar.
Vi håper du liker dei nye nettsidene våre
Mvh Kirsti Skrattegard.