Arven frå goffa
Den som veks opp på ein gard, og med åra overtek, vil ønskje å forvalte han litt betre enn førre generasjon – det er ein viktig del av oppsedinga og eit ansvar som sit i ryggmargen.
Få har lukkast betre enn Ola Skrattegard, pioneren som i 1930 la grunnlaget for moderne rakfiskproduksjon. Ved hjelp av målingar av, og kunnskap om, det friske fjellvatnet sitt næringskapasitet, sette han ut rett mengd yngel og fekk kontroll over aurens helse og vekst. Og auka produksjonskapasitet. No kunne han hauste råvarer med lik vekt og jamt høg kvalitet, noko som gjorde foredling med lagring i tønner og fermentering under stabile temperaturar enklare.
Auka produksjon og fisken si skyhøge kvalitet førte til sal, også langt utanfor kommunegrensa; Ola Skrattegard var i ei periode NRK sin rakfiskekspert og også fast leverandør til Slottet.
Den som veks opp på ein gard, leikar og lærer seg sakte fram til respekt og kunnskap. Følgjer nysgjerrig med, vil hjelpe til og vere nyttig. Får stegvis meir tillit og endeleg, når tida er inne, hovudansvaret. Neste generasjon og nye idear sørgjer for utvikling når dei naturgjevne ressursane skal forvaltast.
Å halde på Skarvheimen Fjellfisk sin posisjon som ein framifrå produsent av høgaste kvalitet tradisjonell rakfisk – lokal matkultur – er sjølvsagt viktig. Ved sida av geitehald, stølsdrift og hytteutleige.
Kvar einaste fisk skal ha perfekt konsistens, delikat farge og den deilige runde smaken som vi er kjent for. For å vere sikre held vi produksjonsvolumet på eit nivå som gjer at vi aldri går på akkord med kvaliteten.
Med omtanke for berekraft
Etter at vi i 2014 tok i bruk vårt nye produksjonslokale, møter vi alle norske og internasjonale krav, både til matsikkerheit og miljøvennleg produksjon. Det er mogleg at vi vil auke produksjonen i åra som kjem, men aldri til eit volum som fører til at vi firer så mykje som ein liten desimal på våre høge kvalitetskrav.
Viktig å ikkje vekse seg for stor
No er det Kirsti Skrattegard som er produksjonsansvarleg, med prinsipp som er lette å kjenne att. Det skal vere den ekte, norske ørretstammen og den må vere av utsøkt og stabil kvalitet. Kirsti brukar den tida det tek å finne og behalde gode leverandørar som på alle måtar er til å stole på. Som bestefar og far før henne, er ho like medviten om at rakafisken frå Skarvheimen er eit uerstatteleg døme på lokal tradisjon og matkultur, ein identitetsmarkør som representerer noko meir enn eit godt festmåltid.
Som kunde - anten du er blant våre faste eller er ny av året – kan du vere sikker på at rakafisken frå Skarvheimen Fjellfisk ber på ein stolt historie, ein ubroten linje som går gjennom generasjonar av kunnskap, lidenskap og kjærleik.
Ver vår gjest!
Fra fjellfisk til rakafisk
I forbindelse med nye nettsider for fjellfisk.no, har vi tatt i bruk domenet rakafisk.no. Vi kan love deg at råvara, produsent og produkt er av same gode kvalitet som før.
På desse nye nettsidene finn du spanande oppskrifter på rakafisk, og sjølvsagt oppskrifter på tradisjonsoppskriftene, nedarva i generasjonar.
Vi håper du liker dei nye nettsidene våre
Mvh Kirsti Skrattegard.